Om val i vasslaget
Herøy Vasslag SA gjennomfører val i samband med årsmøte, i tråd med gjeldande vedtekter. Val gjeld mellom anna styremedlemmer, varamedlemmer og valnemnd. Denne sida er oppretta for å gi abonnentar og valde utsendingar enkel tilgang til informasjon om valprosessen og moglegheit til å avgi stemme når valet er ope.
Stemmegjeving
Når valperioden er ope, kan du avgi stemme digitalt via stemmemodulen som er tilgjengeleg på denne sida. Stemmegjeving skjer innanfor fastsette fristar, og berre stemmer avgitt innan fristen blir registrerte. Modulen for stemmegjevinga blir aktivert i samband med val og årsmøte.
01.
Kandidatar
Oversikt over kandidatar til styre og valnemnd blir publisert i forkant av val. Informasjon om kvar kandidat vil vere tilgjengeleg saman med stemmemodulen.
02.
Praktisk informasjon
Valet blir gjennomført i samsvar med vasslaget sine vedtekter, og stemmegivinga er tidsavgrensa. Resultatet blir behandla og stadfesta i årsmøtet.