Om vasslaget
Herøy Vasslag SA er eit samvirkeføretak som har ansvar for drikkevassforsyninga i sitt forsyningsområde. Verksemda er underlagt Lov om matproduksjon og mattryggleik, samt Forskrift for vassforsyning og drikkevatn.
Drikkevatn er vårt viktigaste næringsmiddel, og vasslaget skal sikre forsyning i tilfredsstillande mengde og kvalitet til abonnentane, i samsvar med gjeldande krav frå styresmaktene.
01.
Drift etter sjølvkostprinsippet
Herøy Vasslag SA blir drive etter sjølvkostprinsippet med allmennyttige formål som grunnlag. Eventuelt årsoverskot blir lagt til føretaket sin allmenne eigenkapital og nytta til drift, vedlikehald og utvikling av vassforsyningsanlegget.
Det blir ikkje betalt renter på innskoten andelskapital, og det blir ikkje utdelt utbyte til medlemmane.
02.
Medlemskap og andelskapital
Ein kvar som er einig i føretaket sitt formål, godtek vedtektene og eig ein eigedom som kan knytast til vasslaget sitt leidningsnett, har rett til medlemskap mot betaling av fastsett andelsinnskot.
Medlemskapen er knytt til fast eigedom med eige gards- og bruksnummer. Det skal betalast ein andel for kvar sjølvstendig eigedom.
Tilsette
Herøy Vasslag SA har eigne tilsette med ansvar for drift, administrasjon og beredskap.
Roger Myklebusthaug
Dagleg leiar
Mari Myklebust
Administrasjon & rekneskapsmedarbeidar
Bjørnar Bendal
Driftsoperatør
Joachim Liavåg
Driftsoperatør
Børge Molland
Vaktassistent 1
Arve Pedersen
Vaktassistent 2
Styre og valnemnd
Eldar Zahl
Styreleiar på val 2026
June Rooney
Nestleiar styre på val 2026
Margareth Leinebø
Styremedlem på val 2026
Marit Røren Søvik
Styremedlem på val 2027
Kjartan Sundnes
Styremedlem på val 2027
Aksel Lervik
Styremedlem på val 2027
Varamedlemmer
Andreas Kvalsund
Varamedlem på val 2027
Gunn Skorpen
Varamedlem på val 2026
Hans Karsten Voldsund
Varamedlem på val 2027
Valnemnd
Sigbjørn Notøy
Valnemnd på val 2026
Cecil Elisabet Nærbø
Valnemnd på val 2027
Frode Nerem
Valnemnd på val 2026
Per Botn
Valnemnd på val 2027
Ronny Bjerkvik Nilsen
Valnemnd på val 2027
01.
Vedtekter og styrande dokument
Her finn du gjeldande dokument vedtekne av årsmøtet:
02.
Fusjon og historikk
Herøy Vasslag SA har gjennomført fusjon i samsvar med gjeldande regelverk. All relevant dokumentasjon knytt til fusjonen er gjort tilgjengeleg for innsyn og nedlasting.